Mellom land og lov, Agatunet
Velkomne til ei unik samansmeltinga av Noregs rike juridiske historie og kulturelle uttrykk med forteljarprogrammet "Mellom Land og Lov", ei høgtiding av Landslovsjubileet i det historiske Agatunet. Denne eksklusive hendinga tilbyr ei utforsking av Landslova gjennom levande forteljingar, stemningsfulle lydbilete og visuell kunst. NB: kun 50 billettar.
Velkomen til ei unik oppleving på Agatunet, der me inviterer deg til å stige inn i fortida med vårt historiske forteljarprogram: "Mellom Land og Lov". Her, omgjeve av tømmerveggar som har vitna århundrer av norsk historie, får du ei sjeldan moglegheit til å høyra om livet og lovene som forma Noreg, med særleg fokus på landslova av 1274, stadfesta av kong Magnus Lagabøte.
Dette programmet er meir enn eit foredrag; det er ei tidsreise som knyter saman lagmannen si viktige rolle og det fundamentale skiftet landslova innførte i norsk rettshistorie. I Lagmannsstova, ein bygning som sjølv er eit monument over rettferd og styring, kan du høyra soger, der dei faktisk hende, og på ein måte som gjer fortida levande og nærværande.
Vel møtt til ei uforgløymeleg oppleving der fortid møter notid i eit autentisk miljø.
Medverkande:
Guttorm A. Rogdaberg, vår hovedforteljar, er ein kjend kulturvernarbeidar og ekspert på mellomalderen. Han fortel om Noregs historiske og juridiske arv på ein levande og autentisk måte.
Reidun Horvei, er fylkeskvedar i Vestland og har i ei årrekkje turnert med musikalske foteljarprogram som formidlar historiske tema.
Inger-Kristine Riber, vår musikalske leiar, med ein fot i både den klassiske og moderne musikkverda, skapar ho eit unikt lydbilete som komplementerer våre forteljingar.
Anne Hesvik, ein fremstående kunstnar, tilfører ei visuell djupn til framsyningane med tavler ho har dekorert med ornamentikk og symbolikk. Arbeidet hennar gjev ein visuell resonans som forsterkar forteljingane.
NB: Restpassar vert tilgjengelege i kaféen i Agatunet på sjølve framsyningsdagen frå kl 11.00.
Restriksjoner
NB: Lokalet er diverre ikkje tilpassa rørslehemma.
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar vert ikkje refundert.